Strøtanker

Lyngen Blømer

Nå blømer lyngen, mor,
for første gong i verden
utan deg.

Berre for deg
stod markene tindrande
ametyst-farga

stod der og venta på ros
frå deg
den mest inderleg rause.

Ikkje eingong den minste tue
gjekk utakka frå eit møte
med deg.

Åse-Marie Nesse