Archive, Books
Book Review
If you put a message in a bottle and chuck it into the sea, you naturally hope it will find its way to a living, thinking human being somewhere who will bother to catch it, remove the cork, and read the contents. But you daren’t assume that this will happen. Sofie Braut’s review of my book Å finne sammen, published in today’s Dagen, made me deeply happy.
Åtvaring: Ei bok som kan føra til uventa handling Eirik Vardens nyaste bok er døme på litteratur som samlar oss, og som dessutan heilt uventa førte denne lesaren på sporet av ein vane frå ungdomstida.
For etter å ha lese ferdig, enda eg altså opp med å bestilla altfor dyrt brevpapir og konvoluttar av beste kvalitet frå ein nettstad som såg ut til å ha greie på slikt. Men denne innkjøpstrongen kan vi komma tilbake til.
Erik Varden er katolsk biskop i Nidaros, der han har vore sidan oktober 2020, etter at han året før fekk besøk av pave Frans’ såkalla nuntius, altså sendebod, som forkynte at han var utnemnd til ei stilling som ville rykka han opp frå livet i engelsk eksil og føra han tilbake til heimlege kystar.
Varden har, sidan si første bokutgjeving i 2018 The Shattering of Loneliness (den norske utgåva heiter «Lengsel er mitt vesen»), markert seg som ein på alle måtar eminent og eigenarta bidragsytar til den norske floraen av oppbyggeleg litteratur.
Mens sist utgjeving, frå koronaåret 2021 hadde undertittelen «En provokasjon», er årets utgjeving forsynt med ein undertittel som ser ut til å peika ut ei politisk lei.
Den norske kyrkja sine biskopar blir gjerne kritiserte for å blanda seg inn i politikk, og dermed melder spørsmåla seg fort: Er no også den katolske bispen blitt meir politisk i tilsnittet?
Erik Varden presiserer at å tenka «politisk» i denne samanhengen dreier seg om noko langt meir grunnleggande enn utspel knytt til visse spesialiserte saker, slik som reindrift eller klima. Varden tek oss med til ordets opphavlege tyding, knytt til dette grunnleggande at menneske treng å vera kopla på fellesskap for å kunna trivast.
Det er altså eit allmenngyldig tema, nemleg det å fremja fellesskap, som ligg forfattaren på hjartet denne gongen.
Til det nyttar han sine 120 små sider svært godt. Gjennom tre relativt korte essays og tre påfølgande kortare preiker, lyser han opp ulike stiar som alle samlar seg i boka sin overordna tematikk.
Varden er verkeleg ein lærd mann. La oss gjerne også legga til, på ein måte vi ikkje er så vane med i norsk kristenlivs-samanheng. I tretti år før han relativt nyleg returnerte til gamlelandet, har han studert og levd som munk, mesteparten av tida i Storbritannia. Vi meir enn anar at han har vore gjennom nokre hyllemetrar.
Det er fort gjort å forrekna seg når det gjeld ei utgjeving som denne, at ho liksom skulle vera altfor «highbrow», det vil seia lærd og intellektuell for ei brei lesargruppe. Det er ho nemleg ikkje.
Det som særmerker Varden som intellektuell kristen, er evna til å invitera andre inn i tankane sine. Der andre «teologisk intellektuelle» stundom gjer terskelen høg og porten unødvendig smal, er Varden ein medvandrar. Han opnar opp sine omfattande reiser i bøkene si verd for blindpassasjerar av alle slag. Det er berre å takka.
I «Å finne sammen» skriv Varden om tema som er svært allmenne, for eksempel om vennskap. Han drøftar temaet gjennom eitt spesifikt og gripande vennskap; nemleg det mellom ei viss Marie Rouget og den tretti år eldre presten Arthur Mugnier.
Glimta inn i deira særmerkte brevveksling, er forfattarens måte «å slå et slag for vennskapet» på; venskap blir ein del av svaret på det samfunnsproblemet einsemd er blitt.
Andre forfattarar, slik som C.S. Lewis, var også oppteken av vennskap som ein type relasjon som fort hamnar under press. Særleg i eit seksualisert samfunn. I vår tid har seksualiseringa halde fram, og i tillegg fått følgje av digitaliserte relasjonskart som kan innebera meir overflatiske og fragmenterte relasjonar.
Vardens vektige innblikk i vennskapet som eit felleskapsfremjande korrektiv, verkar som noko samtida vår treng. Bidraget hans ligg samtidig fint i det vi kan kalla ein tradisjon for vennskapslitteratur.
Når Varden skriv om litteratur, går han svært høgt ut og spør om litteratur kan redda liv. Han svarar med å ta oss med på ei gripande reise inn ei strime av lys i eit oskegrått Auschwitz, men maktar å får essayet til å munna ut i livsnær kvardag.
Med forfatterens eigne ord belyser han «litteraturens livgivende kraft i nærmere, enkle, hverdagsgrå forhold.»
Han vik ikkje unna for å spenna opp det store lerretet, mens lesaren må undra seg over korleis han greier det på så få sider. Men det gjer han altså.
Gjennom korte, men svært sterke innblikk gjer han oss klokare på litteraturen si rolle for å fremja det sant menneskelege, men det blir ikkje meir høgtsvevande enn at han også nemner folkehelse. Han dreg i tillegg linja frå litteraturens mange ord til Ordet som har makt til å frelsa. Det er ei særs oppbyggeleg linje.
Det essayet som denne meldaren fann aller mest interessant, skal eg her skriva minst om. Gjennomgangen hans av uttrykket «murring», som vi finn fleire stader i Bibelen, og som alle ærlege lesarar vil kjenna att frå eige liv, er både innsiktsfullt og kallar på sjølvransaking.
Når vi murrar, seier Varden, «gir vi avkall på håp (…) Vi holder oss i egne telt, andre vil vi ikke se.» Murring kan bli til destruktiv kos med misnøye, som set stengel i relasjonar og bryt ned den frie og opne samtalen som pregar sunne fellesskap.
Erik Varden snakkar ikkje berre om synd, han viser oss kvifor oppgjer og omvending også er to av fellesskapets næraste allierte.
I dei påfølgjande preikene til Eirik Varden, som han i innleiinga audmjukt kallar «en etterklang», framstår han som ein vital forkynnar, både for konfirmantar, for feststemte nasjonaldagsfeirande og for menneske samla for å reflektera over dei verkeleg lange linjene i kyrkjesoga. Les og bli klok.
Det er ikkje nødvendig å arbeida fram ei særskilt «katolskvenleg» innstilling for å ha glede og stort utbytte av biskop Erik Vardens vakre og kortfatta nyutgjeving. Vi kan i staden kasta eit blikk rundt oss i det kristelege landskapet vi er ein del av og stilla spørsmål som: Treng vi leiarar som formidlar djup forplikting på Guds ord og kristen livsforståing? Treng vi teologiske førebilete som peikar på grunnkategoriar som synd, omvending og dyrkjøpt nåde? Svara på slike spørsmål synest opplagde.
«I en kulturell sammenheng der kristendommen er blitt mer marginal, er det viktig at vi ser et felles ansvar for å bringe fram det genuint kristne» sa Erik Varden til Dagen i samband med innsetjinga si i 2020, og la til: «det som tradisjonelt har skilt oss er mindre viktig.»
Den som les boka hans, vil få syn for segn.
Og når det gjeld denne meldarens innkjøpstrong etter at boka var utlest? Vel, det første essayet «Om vennskap», skapte faktisk eit så akutt behov for å henta opp att brevskriving, for meg var ein livsnødvendig aktivitet i ungdomsåra. Det gav meg djupe relasjonar, og eg lurer heilt ærleg på om det ikkje også var ei sterkt medverkande årsak til at eg i dag er lykkeleg gift.
Det første brevet, når korrespondanseutstyret er på plass, skal eg adressera til biskop Erik Varden, og seia han eit personleg takk for nettopp denne utgjevinga.
Se også Live Lundhs gode, gjennomtenkte anmeldelse, fra Morgenbladet.