Arkiv, Artikler

I møte med makt

I den spente stille stemninga på nattoget frå den polske grensebyen Przemyśl til Kyiv før daggry 9. mai, medan missil fall over reisemålet mitt, las eg Simone Weils essay frå 1940, Illiaden eller diktet om makt.

Weil hevdar at det eigentlege temaet i Homers epos ikkje er Trojas fall eller Akilles sinne, men heller handlar om ei upersonleg makt. «Makt som blir nytta av mennesket, makt som gjer mennesket til slave, makt som får menneskekjøtet til å skrumpa saman.» Tyrannen som nyttar makta til å tena eigne føremål, gjer bror sin til slave – ein aprosopon, som grekarane ville sagt, ein ikkje-person utan krav på namn eller heim.

Makt gjer menneske til ting, land til territorium. «Vald», skriv Weil, «utslettar den som kjenner maktas berøring. Makta framandgjer både den som nyttar ho og sitt eige offer». Ho reduserer liv og død til abstraksjonar i eit reknestykke.

SIGERSPARADE

Toget kom fram til Kyiv presis klokka 09.55. Klokka 10.00 – det er ingen tidsskilnad mellom Kyiv og Moskva – starta ein parade på Den raude plassen i Moskva for å markera 78-årsjubileet for sigeren i den store patriotiske krigen 1941–1945.

Ifølge nettsida til Kreml deltok over 8000 i paraden, «mellom dei 530 personell som deltok i den spesielle militæroperasjonen». Leidde av pansra kjøretøy vart dei nyaste militære køyretøya Spartak og 3-STS Akhmat synte fram i paraden for fyrste gong. Ja, her var ei oppvisning som skulle tydeleggjere at makt lar seg binde og halde.

Russlands president hevda at opptoget var del av ei ålmenn mobilisering. Han påstod at Russland er offer for aggresjon: «Det pågår ein verkeleg krig mot landet vårt», sa han – ein sivilisasjonskamp, ein konfrontasjon av ideologiar – som om den andletslause makta romsterte fritt og måtte leggjast i band.

Han understreka at Russland tidlegare hadde reist seg for å frigjera Europa frå det vonde det hadde skapt, og ville gjera det igjen. Talen hans refererte til «neo-naziavskum frå heile verda» og til «katastrofen» i Ukraina. Han avslutta med eit rop: «Til siger! Hurra!»

EIN «KATASTROFE»

Det kan henda at Russlands president er kunnig i gresk. Eg ville ikkje vedde på det, men ville heller ikkje utelukka det. Å skildra det som skjer i Ukraina som ein «katastrofe», er uansett innsiktsfullt, enten det er medvite eller umedvite.

Ordet katastrofe vert vanleg vis brukt for å skildra noko grufullt som skjer. Den karakteristikken er ikkje overdriven. Å gå langs den blå veggen på St. Michaels kloster i Kyiv, dekt av fotografi av menn og kvinner som er drepne av okkupasjonsstyrkar sidan 2014, er å konfrontera den menneskelege kostnaden av Russlands urettvise åtak, som har fått åtte millionar ukrainarar til å flykte til utlandet og fem millionar til å bli internt fordrivne.

Men omgrepet katastrofe kan òg ha ei anna, meir subtil tyding. Det handlar då om ei brå vending i lagnaden, ei omfordeling av brikkene på sjakkbrettet. Denne tydinga passar òg. Noko nytt er i ferd med å oppstå rett framfor augo våre, om vi vel å sjå og ikkje vender blikket bort i keisemd.

STERKARE SJØLVFORSTÅING

Om ettermiddagen var eg i Bucha, Irpin og Makariv, stader som har fått nærast mytisk klang på grunn av overgrep som har vore utførte av autoriteten som på Den raude plassen framstilte seg sjølv som ei frig jerande makt. Strategien som vart følgd, var den veløvde: brend jord.

Eg hadde funne fram til byane på eit kart, men vart slått av, då eg køyrde dit i bil, kor nær dei var hovudstaden. At russiske stridsvogner ikkje nådde St. Michaels blå kyrkje, at felttoget ikkje var eit tre- eller fire dagars kjapt tokt som vart kunngjort nesten i forbifarten, er eit døme på «katastrofe».

Ein «forventningsrevolusjon» skjedde, som forundra mange. Den andletslause, utslettande makta vart avverja; namn og stader var intakte. Hundrevis hadde mista livet på grufullt vis, hus vart jamna med jorda. Men Ukraina stod framleis. Det står enno, kanskje sterkare i si sjølvforståing enn nokon gong før. Den røyndomen er òg ein «katastrofe» som ikkje var tiltenkt av angriparen, som no skjønar at makta ikkje er einsidig mobilisert.

ULIKE RYTMAR

I eit BBC-program i fjor høyrde eg president Volodymyr Zelenskyj kommentera ein konkret siger på slagmarka. Russland hadde lide tap. Zelenskyj var glad for Ukrainas framgang, men sa at dei russiske tapa ikkje gav han noko glede, «for desse mennene hadde òg fedrar».

For ein krigførande statssjef å seia noko slikt er «katastrofalt». Det syner at han nektar å la seg sjølv eller andre bli avpersonifiserte av makt. Zelenskyj idealiserer ikkje nasjonen sin. I årevis var han, som stjerna i TV-serien Folkets tenar, ei svøpe mot byråkratisk korrupsjonen og ålmenn prinsippløyse. Han veit kva slags kompromiss vanlege folk er tilbøyelege til å ta, også i Ukraina. Han anerkjenner det. Samstundes insisterer han på at det finst verdiar og omgrep der kompromiss er umogleg.

Korpsa spelar ulike tonar, marsjerer i ulike rytmar i Moskva og Kyiv. Vi høyrer motstridande forteljingar, ikkje berre om grenser, men om samfunnets natur, suverenitet og sanning. Desse kan ikkje i dag berre harmoniserast. Som ein gamal profet sa det, er vi tilbøyelege i ei krise, når vi vil at ho skal gå fort over, til å byta mørkeret mot ljoset, ljoset mot mørkeret. Men natta held likevel fram som natt. Og kan ikkje forvekslast med dagen.

72 HENDER MOT LJOSET

Dagen etter åt eg lunsj med ein hjelpearbeidar frå Donetsk på Ostannya Barykada (Den siste barrikaden), ein restaurant under Maidanplassen, scena for den «Verderevolusjonen» Ukraina gjennomgjekk i 2014.

For å koma inn på restauranten må ein gå gjennom ein merkeleg utsmykka jernvegg med 72 oppovervende hender ljossette av ljospærer ved handleddet: 72 hender som strekkjer seg mot ljoset, eitt, forklara servitøren vår, for kvart år Ukraina var underlagt sovjetisk styre.

Dramaet som utspelar seg i Ukraina, handlar ikkje berre om ein «spesialoperasjon» som har vara i 15 månader. Dramaet fører til oppløysinga av ei hundreårgamal pakt med makt som no mest kviler på ei retorisk overdriving.

«Det er sjeldan», skreiv Simone Weil i 1940, «å sjå ulykke framstilt rett». Når vi står overfor makta sitt tilsynelatande ultimatum, tenderer vi til å «handsame den ulukkelege som om katastrofe var hans naturlege lagnad».

Ukraina undergrev sjølve omgrepet «katastrofe». Landet nektar å vera katastrofens hjelpelause offer. Det er eit føretak som fortener vår vørdnad med konsekvensar for oss alle.

Simone Weil (1909-43)

Dette essayet, som står på trykk i dagens Dag og Tid, ble først publisert på spansk som en kronikk i ABCs La Tercera.