Eg løftast
eit barn går aleine gjennom sorgskogen
 utan å vere redd
 det er berre sorgskogen, seier barnet
 eg skal vandre her medan eg ventar
eit barn går aleine gjennom sorgskogen
 det ventar ikkje, går berre sakte gjennom
 ser på alt som finst, rører ved det
 eg finst fordi eg finst, seier barnet
eit barn går aleine gjennom sorgskogen
 berre når eg går aleine kan eg finne fram
 alt eg finn skal eg miste
 og alt eg mistar skal eg eige evig
eit barn går aleine gjennom sorgskogen
 eg lyttar best når det er stilt, seier barnet
 så kan eg høyre at eg ikkje er einsam
 eg går aleine og løftast dit eg ikkje kan nå
Tora Seljebø
